Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Kundeservice

    Vi oppdaterer her all informasjon om koronasituasjonen og korleis denne påverkar kundane våre. Kundesenteret vil ikkje kunne gi ytterlegare informasjon enn den vi gir her. Følg med på lanekassen.no/korona


    På Dine sider kan du


    Ofte stilte spørsmål

    Eg får ikkje betalt rekninga. Kva gjer eg?

    Dersom du ikkje har moglegheit til å betale rekninga di, kan du søkje om betalingsutsetjing på Dine sider. Du treng ikkje å oppgi nokon grunn til at du søkjer om utsetjing. Les meir om betalingsutsetjingar.

    Dersom du for eksempel er arbeidsledig eller i ein annan vanskeleg økonomisk situasjon, kan du også ha rett til å få sletta renter.

    Sjå ei oversikt over kva situasjonar som gir rett til sletting av renter.

    Eg har brukt opp utsetjingane mine, og får ikkje betalt rekninga. Kva gjer eg?

    Du kan no søkje om betalingsutsetjingar sjølv om du har brukt opp dine 36 utsetjingar. Dersom du allereie har søkt, og fått avslag for rekninga for mars eller april, kan du søkje på nytt no.

    Moglegheita til utsetjing gjeld foreløpig for rekningane i mars og april, i tråd med verkeperioden for koronaloven. Blir verkeperioden utvida, vil også talet med utsetjingar blir utvida. Dette er ikkje styrt av Lånekassen.

    Du søker om betalingsutsetjing på Dine sider. Les om korleis du fyller ut søknaden om betalingsutsetjing.

    Eg bur i utlandet og krona er svekka. Vil Lånekassen gjere tilpassingar?

    Skolepengestøtten blir valutajustert på utbetalingstidspunktet. For studentar i utlandet blir støtten normalt utbetalt i juli og desember. Endringar i valutakursen etter desember påverkar derfor ikke støtten fra Lånekassen.

    Skal alle studentar få utbetalt studiestøtta for resten av vårsemesteret?

    Ja. I april betaler vi ut heile beløpet av det du har igjen av studiestøtta for vårsemesteret.

    Vi vil komme med meir informasjon i løpet av kort tid. 

    Kva er dette tilleggslånet eg har høyrt om?

    Studentar som kan bekrefte at dei har mist inntekt på grunn av koronasituasjonen, kan søkje om eit tilleggslån på 26 000 kroner. Av desse kan 8 000 kroner bli gjort om til stipend på eit seinare tidspunkt.

    Du kan ikke søkje om dette lånet no. Lånekassen vil komme med meir informasjon om når du kan søkje om dette lånet.


    Spørsmål knyttet til stipend, lån og tilbakebetaling

    Spørsmål om stipend, lån og tilbakebetaling

    + 47 21 49 60 00

    Mån - fre kl. 09:00 - 15:00

    Spørsmål om PIN-koder, innlogging til Dine sider og Idporten

    Spørsmål om innlogging og e-signering

    + 47 80 03 03 00

    Man - fre kl. 08:00 - 15:30

    Foreldre må ha fullmakt når dei skal ringe for barn over 18 år

    Ønskjer du at foreldra dine skal ta kontakt med oss på dine vegner, må du gi dei fullmakt dersom du er over 18 år. For å gi foreldra dine fullmakt må du sende oss anten

    Postadresse og faksnummer

    Lånekassen har ei felles postadresse og eit faksnummer for alle kontora:

    Postadresse
    Lånekassen
    Postboks 450 Alnabru
    0614 Oslo

    Faksnummer
    22 72 02 64

    Om ny adresse frå juli 2019
    Har du sendt brev til den gamle adressa vår, Mo i Rana, blir det vidaresendt til den nye postadressa. Den gamle adressa vil framleis stå på breva og papirsøknadene vår ei stund til. 
    Om ny adresse frå juli 2019
    Har du sendt brev til den gamle adressa vår, Mo i Rana, blir det vidaresendt til den nye postadressa. Den gamle adressa vil framleis stå på breva og papirsøknadene vår ei stund til. 

    Kontoradresser

    1. mai 2017 stengde vi kundemottaka våre permanent, men vi hjelper deg gjerne på telefon eller e-post.

    Kontor Adresse Vis i kart
    Bergen
    Bradbenken 1 Kart
    Oslo Østre Aker vei 20 Kart 
    Stavanger  Lagårdsveien 44 Kart
    Tromsø   Sjøgata 2 Kart
    Trondheim   Brattørkaia 12 Kart
    Ørsta   Vikeøyrane 7    Kart

    Kontaktinformasjon for leverandørar og andre samarbeidspartnarar

    • Sentralbord: 21 70 40 00 (mån–fre 09.00–15.00) 

    Sentralbordnummeret og e-postadressa gjeld spørsmål om :

    • leverandørfakturaer
    • anskaffelser
    • jobbsøknader
    • andre saker som ikkje gjeld enkeltkundar

    Sentralbordet svarar ikkje på spørsmål om stipend og lån.

    Læresteder

    Her finn du kontaktinformasjon for skolar, universitet og andre lærestader.

    Dokumenter

    Send dokument som gjeld anskaffelser, jobbsøknader og andre administrative spørsmål til:

    Statens lånekasse for utdanning
    P.B. 191  Økern
    0510  OSLO

    Fakturadresse

    Send fakturaer til:

    Lånekassen
    Fakturamottak DFØ
    Postboks 4746
    7468 Trondheim

    Kontakt for tekniske problem

    Sende melding om tekniske feil

    Her kan du melde frå om tekniske feil med Lånekassen sine tenester. Du kan ikkje få svar på spørsmål om kundeforholdet ditt. Treng du hjelp til å logge inn på Dine sider, kan du få hjelp her.

    For å ettersende dokumentasjon, må du ofte ha den nyaste versjonen av nettlesaren din. Det fungerer for eksempel ikkje å laste opp dokumentasjon med Internet Explorer 7, men det fungerer med Internet Explorer 11.
    Har du problem med elektronisk signering?
    Problem med å signere avtale om støtte, skjer i dei aller fleste tilfelle fordi BankID ikkje er aktivert ordentleg. Les om problem med signering her.
    Får du ikkje opna brev i postkassen på Dine sider?
    Ved problem med å opne brev i postkassen, for eksempel får du bare opp ei kvit side, bør du installere eller oppdatere Adobe Reader. Eventuelt kan du prøve å opne breva på ein annan maskin.

    Dette bør stå i meldinga du sender

    Når du sender melding til oss om tekniske feil, er det fint om du svarer på så mange av punkta som du klarer i skjemaet. Det gjer det enklare for oss å finne feilen:

    • Kvar (i kva teneste) opplever du problemet?
    • Kva er problemet du opplever?
    • Kva feilmelding(ar) får du?
    • Kva nettlesar bruker du? Kva versjon av nettlesaren har du? Har du forsøkt å oppdatere nettlesaren din for å sjå om det hjelper på problemet du opplever?
    • Kva slags operativsystem bruker du (for eksempel Windows 7,  iOS, Apple eller Linux)?
    • Kva tid oppstod feilen (så nøyaktig tidspunkt som du har)?

    Her sender du melding til Lånekassen om tekniske problem.

    Innlogging til Dine sider

    Når du logger inn på Dine sider, logger du inn via ID-porten. Du kan ikkje kontakte Lånekassen for å få hjelp til innlogging.

    Har du problem med å logge inn, finn du hjelp på ein av desse måtane:

    • Har du glømt passordet? Trykk "Glemt passord" i innloggingen
    • Bruk hjelpeguiden til innlogging
    • Send e-post til
    • Ring Difi på telefon 800 30 300
    • Er du i utlandet? Ring Difi på +47 57 65 50 60

    Du får ikkje svar på henvendelsar om kundeforholdet ditt her

    Du kan ikkje bruke kontaktskjemaet for spørsmål om ditt eige kundeforhold eller Lånekassen sine ordningar. Spørsmål og svar om kundeforholdet ditt og Lånekassen sine ordningar får du på Dine sider.